Jeg vil fremover poste noen av oppgavene jeg skrev på universitetet, og jeg begynner med en jeg skrev i den norskfaglige delen av pedagogikkstudiet. Det er en oppgave som har sine mangler, men som likevel kan ha interesse, så jeg legger den ut. Vi måtte skrive halvparten av oppgavene på nynorsk, og dette var en av dem jeg skrev på sidemålet mitt. Og for ordens skyld: Boken jeg snakker om av Torp & Vikør, er Hovuddrag i norsk språkhistorie.
Obligatorisk oppgåve i nordisk språklære
Universitetet i Bergen
_________________________________________________________________
Oppg
Gje ei samanlikning av korleis tida etter 1900 er framstilt i Torp og Vikør, og i ei språkhistorie som er brukt i den videregåande skulen.
___________________________________________________________________________
Boka eg har valt å samanlikne Torp og Vikør si bok med, heiter Språket vårt før og nå. Ho er skriven av Arild Leitre, Einar Lundeby og Ingvald Torvik. Første utgåva kom i 1975, medan mi utgåve er frå 1981. Boka er gitt ut på Gyldendahl forlag.
Før eg startar samanlikninga, vil eg ganske kort skissere kva som kjenneteiknar norsk språkhistorie på 1900 tallet. I all hovudsak er dette debatten riksmål/landsmål, eller fra 1929 bokmål/nynorsk. Denne debatten vart til tider ganske livlig, og bestod av:
· Dei som ville ha konservativt riksmål
· Dei som ville ha landsmål
· Dei som ville ha samnorsk
Relativt ofte vart nye rettskrivingsnormer vedteke, og det ikkje utan strid. Såleis er perioden, fra eit språkhistorisk synspunkt, interessant.
Det kjem ikkje som nokon overrasking at historia er meir sparsamt framstilt i Språket vårt før og no. Denne boka dekkar heile perioden på 19 sider. Slik vart framstillinga veldig konkret. Først eit årstal, og så kva som språkhistorisk hende det årstalet. Liten plass blir brukt til å forklåre kvifor det hende.
Torp og Vikør brukar omlag 60 sider på perioden, men gjer det ikkje heilt kronologisk. Dei tek det opp ulike stader i boka, med forskjellig vinkling som utgangspunkt. Slik kjem ein djupare ned i stoffet. Hovudkapittelet om perioden er kapittel 13: Rettskrivingsutviklinga på 1900-talet. Eg vil nå samanlikne dette kapittelet for seg, med tilsvarande kapittel i Språket vårt før og nå: Språkutviklinga etter 1900.
Torp og Vikør skil mellom ortografiske, fonologiske og morfologiske endringar. Ved kvar reform går dei gjennom endringar i alle tre kategoriane. Naturleg nok er dette unnlata i boka for den videregåande skolen. Gymnaselevane har aldri studert fonetikk og lingvistikk, og har ikkje noko grunnlag for å forstå desse orda. Det trengst heller ikkje for å forstå kva som hender. Det er ingenting å seie på oversikten i Språket vårt før og nå. Endringane kjem klart og greit fram, og det med langt færre ord enn Torp og Vikør må ta til hjelp.
Også i analysen kjem Språket vårt før og nå godt frå det. Han er ikkje så grundig, men dei viktigaste poenga kjem klart fram. Som døme kan nemnast at reforma i 1907 innebar prinsippet om at det norske skriftspråk skal bygge på den norske talen. Dette står klokkeklart i den boka. Torp og Vikør rotar det meir til:
“Dei struktuelle endringane ho førte med seg (ikkje nødvendigvis endringane i kvart enkelt ord), var alle i samsvar med vanleg daglegtale i dei høgare klassene og såleis ikkje sosialt stigmatiserte; dei innebar berre ei tilpassing til den vanlege ‘danna’ språkbruken.”
Denne noko krunglete setninga er meint å skulle illustrere kvifor reforma slo så kjapt igjennom i språkbruken.
Den skjematiske framstillinga i Torp og Vikør kjem meir til sin rett ved endringane i 1917. Desse endringane var meir omfattande, og det blir vanskelig å gjere det oversiktelig utan eit visst system. Språket vårt før og nå skil ikkje eingong mellom dei obligatoriske, og valfrie endringane. Dei tek det heile føre seg hulter til bulter.
Etter endringane i 1917, var det nå blitt eit stort tal dobbeltformer i begge målføre. Dette var noko stortinget ville få bukt med, og til dette oppretta dei ei ny rettskrivingsnemnd i 1937. Her fantes representantar for begge målføre, og i tillegg til å dempe valfridommen, skulle dei sørgje for at tilnærminga mellom skriftspråka skulle fortsette. Denne nemnda utforma forslag til endringar for reforma i 1938.
Nytt her var skilet mellom jamstilte former og hovdeform – sideform. Torp og Vikør tek meir nøye opp kva som er endringane i språket, medan det i språket vårt før og nå like mye blir tatt opp kor vanskelig det var for språknemnda å velje ut reglane i høve til retningslinene dei hadde frå stortinget. I Torp og Vikør blir ikkje 1937 nemnda nemnt med eit einaste ord i rettskrivingskapittelet. Dei tek det sterkare opp andre stader, noko eg vil komme tilbake til.
Rett etter denne reforma, kom krigen. Den blir via eit avsnitt i språket vårt før og nå. Så veldig stor innverknad hadde da ikkje krigen heller i norsk språkdebatt. Rett nok innførte Quisling ei eigen rettskriving, som alle aviser og oversatt litteratur måtte følgje, men disse måtte vike så snart krigen var over. Da var igjen 1938 reglane dei einaste offisielle.
I 1951 oppretta stortinget en institusjon til å ta seg av problema språkstriden skapar. Denne institusjonen fekk namnet norsk språknemnd. Dei brukte omlag 5 år på å gjere eit framlegg om nye endringar. Disse endringar fekk namnet læreboknormalen frå 1959.
I rettskrivingskapittelet hos Torp og Vikør er tida mellom 1959 og 1981 utelata. Det var nemlig ingen endringar i rettskrivingsnorma denne tida. Språkleg sett skjedde likevel ting også her, og eg vil nå ta føre meg korleis språket vårt før og nå framstiller dette.
Det som i korte trekk skjedde i perioden, var at ein komité ledet av professor Hans Vogt ble nedsatt av kyrkje og undervisningsdepartementet for å ta opp heile språksituasjonen i landet, og gjere framlegg om tiltak for å ivareta vår språkarv. Vogt-komiteen si innstilling førte til opprettinga av Norsk språkråd i 1970. Skilnaden mellom Norsk språkråd og norsk språknemnd, var at i Norsk språkråd satt og representantar for språkorganisasjonane: Riksmålsforbundet, Noregs mållag og Landslaget for språkleg samling. Når riksmålsforbundet og Noregs mållag blei representert, var det naturleg at formålsparagrafen om fremming av tilnærming av våre to skriftspråk måtte falle bort. Det gjorde den da også.
Dette var i korte trekk historia mellom 1960 og 1980, og slik vart han framstilt i språket vårt før og nå. Etter dette står ikkje meir. Sidan boka er trykket i 1981, kan ikkje endringa i 1982 bli behandla særleg utførleg. Det blir sagt at ei liberaliseringslinje fra 1973, som da gjaldt skoleelevar, nå også skulle gjelde for læreboknormalen, og at endringa vil tre i kraft 1. juli 1982.
Eg har nemnt at Torp og Vikør dekkar perioden andre stader enn i rettskrivingskapittelet, men eg har ikkje sagt så mykje om korleis det blir gjort. Reint faktamessig er det ikkje rare skilnaden til språket vårt før og nå. Det står helst det same, om enn litt meir utførleg. Tildømes dreg Torp og Vikør fram dei politiske problema i språkdebatten etter krigen. Arbeidarpartiet var delt i striden. Dette er mykje av grunnen for at tilnærmingstanken vart fremma. Partiet ville nøytralisere ein konflikt som kunne kløyvd dei i to. Torp og Vikør karakteriserar dette målet som ein fiasko, av di det ikkje vart nådd. Språket vårt før og nå nemnar ikkje saka.
Heller ikkje tek Språket vårt før og nå så nøye opp kva argument som vart brukt i debatten. Dei nøyar seg med å slå fast at det debatt eksisterte. Slik mistar dei eit par interessante poeng. Riksmålsforbundets kamp mot samnorsken, var mykje grunngjeve i at nye former var vulgære, stygge og slikt. Men i eit språk har ofte vanen meir å seie for estetikken enn estetikken sjølv. Har du vendt deg til ein regel, vil brot på denne regelen naudsynt nok følast uriktig. Så kan det seiest at om noko er uriktig, treng det slett ikkje derfor vere stygt. Uvant er nok eit rettare ord på riksmålsforbundets syn på dei nye formene, men dei valte altså sjølv ordet vulgært.
Torp og Vikør tek dette opp på s. 226-227. Dei meiner at den estetiske vurderinga bygde på eit sosialt grunnlag. Dei finare ord og reglar, var ikkje anna enn det som finare folk brukte. Med denne argumenteringa får dei fint forklart kvifor foreldreaksjonen mot samnorsk vart den sterkaste masseaksjonen mot den nye reforma. Foreldra hadde vendt seg til tradisjonell skriving, og da ungane deira måtte lære noko nytt, noko annleis enn dei sjølve, nei da måtte dei reagere.
Torp og Vikør har eigentleg meir problem med å bli einige med seg sjølv, enn med Språket vårt før og nå. På s. 207 seier dei at krigen førte til at motstand mot fremmendstyre, var venta å føre til økt framgang for nynorsken. På s. 225 derimot, seier dei at det nasjonale moment vart svekka, fordi krigen gav ordet nasjonal nytt innhald. I og for seg kan kanskje disse påstandane foreinast. Slik ordlyden er, verkar det meir som om forfattarane har skrive kvar sin del, og ikkje kikka så nøye på kva den andre har skrive.
Skilnaden på bøkene er som ein kan vente skilnaden på ei bok for gymnaset, og ei for universitetet. Der ”Språket vårt før og nå” kjapt i eit avsnitt får grunngjeve og analysert hendingar og endringar, stikk Torp og Vikør djupare ned i materien. Skal du få skikkelig innsikt, og det må du som universitetsstudent, må det nesten vere slik. For gymnaseleven er det viktigare å få oversikt, og slik fungerer ”Språket vårt før og nå” veldig greitt.